onsdag 8. april 2015

Takk for alt du gav meg, Molla...

Naar snille, gode Molla døde 7. august måtte eg feste nokre ord på papiret til minnegudstjenesten 15. august...



Eg har verdens beste gamle damer...
...at ei av dei ikkje er her lenger kjennes uforståelig, tomt og trist.

Snille, gode Molla
tusen, tusen takk for alt.

Takk for all kjærleik, varme, omsorg og glede du tilførte livet mitt.

Eg vil aldri gløyme smilet og varmen i stemma di
kvar gong du la armen rundt meg og sa du skulle
ha adoptert meg
hadde det ikkje vore for att
du trudde eg ville bli alt for vanskelig å oppdra.

Eg vil aldri gløyme stoltheten og gleda
som skein i augo dine den gongen
eg vart interjua og skulle lese Halldis Moren Vesaas på radio
i forbindelse med Vår Frue for Haiti.
Du forklarte journalisten at ho måtte la deg sitte der med meg
for du hadde ikkje mulighet til å sjå meg under forestillingen
og eg var jenta di.
Du holdt handa mi heile tida...
Eg gløymer nok aldri ein einaste av gongene eg las Halldis Moren Vesaas til deg.
Eg trur aldri nokon har verdsatt noko eg har lest meir enn du gjorde.

Eg gløymer aldri støtta og varmen
når du beskyttande tok rundt meg
kvar gong eg kom for å klage på at Solveig kjefta på meg.
Eg vil garantert savne å ha ei... ha deg, Molla... som alltid støtta meg 100% (og litt til),
som alltid tok mi side,
sjølv når eg visste eg tok feil så visste eg at du ville ta mitt parti...

Eg oppdaga korleis kjærleiken som møtte meg i dine auger
var like sterk same kva eg fann på...
Eg veit den var-
Eg testa-
Huska ein samtale kor eg presenterte mine feil
klart, tydilg og med store bokstavar...
men eg gjekk lei...
du vart ikkje skremmt, eller skuffa, eller noko som helst...

Ein anna ting eg aldri vil gløyme er korleis du ville
gifte meg vekk til omlag annakvar mann som kom inn kyrkje døra...
du fann ein kvalitet i dei alle.
Huska nysgjerrigheten og håpet i stemma di kvar gong eg nevnte ein mann....
Du ville så gjerne få meg gift,
ville så gjerne eg skulle finne ein som gav meg det din kjære mann gav deg....

Samtalane me hadde når me stod ute og røykte
vil eg heller aldri gløyme,
då hendte det rett som det var, det meste av tida,
at me gjekk ut av desse rollane våre med meg som
den trasselige, uregjerlige ungen som måtte
passast på og prøvast å oppdra og du var
den kjærlige, tålmodige omsorgspersonen som tok vare på
og beskytta den uregjerlige ungen mot verda og mot seg sjølv...
Der ute med røyken møttes me meir på same nivå og hadde dei
seriøse, djupe og personlige sammtalane,
samtalar eg virkelig verdsatte.

Og sjølv om det er
MI KYRKJE
MI BOK
MINE GAMLE DAMER
MI FANTASTISKE MOLLA
...så vill eg heller aldri gløyme kva eg såg deg
gi dei andre som kom inn her i kyrkja.
På facebook statusen eg la ut etter Solveig hadde fortalt meg
at du hadde forlatt oss, var TP inn og takka deg for alt du hadde gidt han...
ord eg veit kom fra hjerta hans.

Eg gløymer aldri
Eg gløymer aldri
Eg gløymer aldri lista er så uendelig lang...

Snille, gode Molla
du gav så ufattelig masse.

Tusen, tusen takk
takk for at du blei her blant oss lenge nok til at eg rakk komme frå Thailand
Takk for du opna augene og strauk meg over kinnet når eg kjefta på deg (sjølv så svak og sjuk hadde du noko å gi)
Takk for du venta så eg rakk sei hade, rakk gi deg dei siste klemmane,
rakk sei kor uendelig gla eg var i deg.

Når eg besøkte deg siste gongen ba eg deg kvile, finne styrke til å komme tilbake for å ta vare på meg.
Eg påpeikte at du måtte tenke på at alt arbeide med å passe på meg var så stor oppgave at du kunne ikkje overlate alt til Solveig.

Men ta det med ro Molla
KVIL I FRED
... for sjølv utan deg så har eg verdens beste gamle damer
og dei stiller opp og hjelper Solveig å ta vare på meg...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar