I dag er det 13. mai... 25 år sidan Inger Mari døde, 25 år sidan eg begynnte å skriva...
I dag legg eg ut nokon av dei dikta eg skreiv for 25 år sidan.
LYSET
Eit lys vert tennt
Det flammar opp
- og brenn sakte ner
Ingen veit når eit vindpust kjem
og sløkkjer livets lys.
HÅN 13 mai 1987
LATTEREN STILLNA SISTE GONG
Svart natt
Oppglødde unge folk
Gamal bil
Tom, innbyande veg
Overmot
Stor fart
Åy-
Høgt
oppe i
ei høgspentmast
der sa det
brutalt
STOPP
Svart, stille natt
No
er det
tre
unge stemmer
me aldri meir
skal høyre le....
HÅN 15 mai 1987
MALI
Finn ingen raude krøller
Augene vandrar utan stans
Venta sjå smilet ditt
runda hjørnet
nett no,
kvart sekund
Høyre deg verken le eller rase,
avisene skrik i mot meg,
minne meg på at det aldri meir vil skje,
likevel er øyrene konsentrert på vakt.
Har ingen å leite etter
ingen å hjelpa
ingen å passa på
Ka gjer eg då?
Har heller ingen som passa på meg.
Der borte ved disken
står ein gubbe og smile
Herregud, kva er gale med han?
Kjenner han ikkje tomrommet?
Kjenner han ikkje dette store, tunge,
dette mørke teppet som ligg over heile øya?
Kjøpe avis gjer han og,
og smiler.
Kjenner han ikkje at i ein av dei
tre svarte sekkene
der ligg du?
Tårevåt går eg vidare
auger og øyrer
framleis konsentrert på vakt
Kva gjer eg no?
Eg lukkar augene
ser anna veg
NEI
detta kan ikkje vera sant.................
HÅN 15 mai 1987
NEI, DET ER IKKJE SANT
Sei det ikkje er sant
Sei alle samen lyg
Sei det er ein grusom spøk
Sei det er ein misforstøelse,
eit feilaktig rykte.
Vekk meg frå dette marerittet.
Nei!
Hold kjeft!
Eg nekte å høyra
Det var kje det svaret eg ba om.
Er det ingen som forstår
det ikkje kan ver sant,
at dette ikkje går ann
Eg kan jo ikkje dette
Veit ikkje kva eg no skal gjer
- så det kan ikkje vera sant
Nei!
Eg slenge på røyret
dette nekta eg å høyra
Alle saman hold kjeft
Det er kje sant
Eg vill ikkje høyre
Hold kjeft
Hold kjeft
Hold kjeft
Ho er ikkje dø
Ho kan ikkje vera det,
eg treng ho
Slutt å sei slike ting
Høyre dåke,
det er ikkje sant
Slutt å lyg!
Eg vil ikkje dette
Nå går eg heim
Nå låse eg døra
Nå set eg på Bruce Springsteen på full styrke
Sliten nå
Orke ikkje at dette er sant
La meg sova
Sova...
så ringe ho heilt sikkert i morgon...
...for dette det kan ikkje vera sant
HÅN 13 mai 1987
lørdag 12. mai 2012
tirsdag 1. mai 2012
lørdag 21. april 2012
LAOS
Ein av tinga som følger med mine lengre opphold i Thailand er visum
turane til Vientiane, Laos… Eg var på ein slik tur for eit par veker sidan, så kanskje eg skal skrive litt om det...
Sjølv om turane er noko stress, så elskar eg dei… synes det er topp
med desse oppholda i Vientiane. Einaste eg ikkje likar med Laos er KIP, nett no
er 100 Laos kip verdt 0.0681 kroner… 1 krone er 1468.95 kip… Med andre ord du
treng både trillebår og meir til skal du kjøpe noko meir enn ei cola. Drømmer
du om å gå rundt med millionar i lommeboka er dette staden å reise…
(bildet av laos kip er ikkje mitt, det har eg funne på nettet og i
følge det eg såg der så skal bunkane på bildet ver verdt rett rundt 500 kroner)
Men som eg begynnte å skrive før avsporinga om lite festlig valuta... eg storkosar meg på visum turar til Laos. Eg las eit eller anna om dette landet for ei tid sidan og då vart Vientiane omtala som sørøst asias største landsby... det er ein perfekt måte å omtale byen... I forhold til dei andre hovedstadane i sørøst asia så er den pitteliten, berre rundt ein halv million innbyggjera. Når du russle på promenaden langs Mekong elva så får du litt følelsen av å ver i ein bitteliten fiskar landsby...
Og det er nydelig å sjå sola gå ner over elva, inni Thailand...
Både der og når du traskar litt lenger opp i byen er det lett å sjå at dette landet har vore fransk koloni lenge, sjølvsagt finn du masse av det typisk asiatiske her, tempel og tronge gater og enorme, overdekorerte portar framfor rønner og skur, men her er og breide avenyar, eindel europeisk arkitektur, slik som president palasset, det er nydelig, spesielt når det er flombelyst på nattestid.
Første gong eg var aleine til Vientiane, så leigde eg ein tuk tuk sjåfør til å kjøre på meg i fleire timar, så eg fekk sitt litt meir av byen. (huska eg ikkje heilt feil så betalte eg rett i underkant av 20 kroner for fire og ein halv time) Han tok meg med til Pha That Luang, eit fantastisk tempel område så tettpakka med historie og detaljar at eg trur eg kunne gått der i fleire veker og studert detaljar utan å få med meg halvparten og utan å bli lei. Opprinelig vart det visst bygd som eit indisk tempel så tidleg som på 300-talet, men igjennom historien har det vorte utbygd og endra, og det vert sagt at det kom buddhist misjonærar og munkar dit og dei hadde med seg ein veldig, veldig hellig relikvie... eit av Buddhas bryst bein, som vart begravd inne i stupaen på bildet over her. Men sjølv om stupaen er utrulig flott, så var det ikkje den eg vart mest facinert av... det var alle dei små detaljane rundt på heile anlegget, tett i tett med malerier i tak og på vegger som fortel dei religiøse historiane...
...eg kunne lagt ut hundrevis av bilder av desse vegg og tak maleria, men skal stoppe her, må jo legge ut bilder av litt av dei andre fine utsmykkingane der òg...
Igjen og igjen og igjen har Pha That Luang vorte rasert av utandlandske innvasjonar, men det vert bygd opp igjen og er i dag eit najonal symbol for heile Laos, det symboliserer fred, enhet og velstand i landet.
Men tempel og solnedgang på andre sida av Mekong er ikkje alt eg likar med Laos...
Etter mange nok veker i Isan området kan det gjer seg med noko europeisk mat, det er dei ikkje flinke på litt utenfor turismen i Thailand, men her merke me igjen at landet har vore fransk koloni og her er masse god europeisk mat å få.
Ein anna ting eg må nevne, som facinere meg med denne byen, det er at ingen andre plass i verda (utanom kanskje inne i Vår Frue kirke) så har eg møtt så masse så forskjellige og så spesielle mennesker på ein og same stad, så ein kveld ut på byen her ein og anna gongen er virkelig underholdande:)))
Gleda meg alt til neste visum tur:)))

mandag 16. april 2012
torsdag 12. april 2012
Dikt til Margit...
Det var ikkje eit ord...
Ord er magi
Ord er kunnskap
Ord er makt
Ord er nøkkel
Ord er musikk
Ord er kontakt
Små talande ord
Store flygande ord
Ord er ein pilspiss,
i amor sin boge,
eller på veg mot eit bytte
ifrå jegern sitt drepande våpen
Ord er draum
Ord er leik
Ord er fakta
Ord er verklighet
fantastiske, facinerande ord
Men det var ikkje eit ord,
det var ein roleg finger
som sakte strauk over ein skjelvande underarm,
det var ein roleg finge
som til sist knakk muren inn til meg....
HÅN 2003

tirsdag 10. april 2012
Begynna å bli litt einsformig denne bloggen, berre gamle dikt...
SJØLV DEN BESTE KAN TA FEIL
"Ingen veit botnane i Angest sjø"
skreiv Tarjei Vesaas...
Han tok feil.
Eg fann den i går kveld...
HÅN
onsdag 28. mars 2012
Eit dikt eg skreiv i 2003
Seksuelle overgrep
Seksuelle overgrep -
ordet kjem hoppande
ut av TVen min
som ei brennande pil
borar seg inni meg,
smertene eksploderer,
men ordet fangar.
Eg sit fastlenka,
syg til meg kvart ord,
kvar brennande pil,
klare ikkje rive meg laus.
Orda dansar
i tankane mine,
dansar med minna mine,
dansar fort,
dansar fortare,
dansar fortare, fortare, fortare
Blir svimmel
Smertene brenn
Tankane kokar
Tårene trillar
Eg vil ha fred
Eg vil ikkje høyra meir
Eg vil ikkje sjå meir
Eg vil ha fred
Eg treng kvila
Strekk meg etter
fjernkontrollen,
men kan ikkje skru av,
kroppen nekte skru av,
må få med kvart ord,
må få med kvart bilete,
kvar brennande pil
Lengta etter ein dag,
ein vakker fredfull dag,
ein dag då seksuelle overgrep
har vorte eit begrep,
eit ord,
vorte ein ufarleg glose
Glose...
... ikkje brennande pil.
HÅN 2003
ordet kjem hoppande
ut av TVen min
som ei brennande pil
borar seg inni meg,
smertene eksploderer,
men ordet fangar.
Eg sit fastlenka,
syg til meg kvart ord,
kvar brennande pil,
klare ikkje rive meg laus.
Orda dansar
i tankane mine,
dansar med minna mine,
dansar fort,
dansar fortare,
dansar fortare, fortare, fortare
Blir svimmel
Smertene brenn
Tankane kokar
Tårene trillar
Eg vil ha fred
Eg vil ikkje høyra meir
Eg vil ikkje sjå meir
Eg vil ha fred
Eg treng kvila
Strekk meg etter
fjernkontrollen,
men kan ikkje skru av,
kroppen nekte skru av,
må få med kvart ord,
må få med kvart bilete,
kvar brennande pil
Lengta etter ein dag,
ein vakker fredfull dag,
ein dag då seksuelle overgrep
har vorte eit begrep,
eit ord,
vorte ein ufarleg glose
Glose...
... ikkje brennande pil.
HÅN 2003
fredag 23. mars 2012
Tekst skrevet som ein skule oppgåve for lenge, lenge sidan...
Endeleg,
tryggt planta
på landjorda
Det har vore ei strabasiøs ferd,
men no
kan eg endeleg kjenne
fast grunn under føtene igjen
Ein liten telefon
kasta meg ut
på ei ferd,
ei reis i det store ukjende
Alt var
framandt
kaotisk
forvirrande
Kva skjer?
Eg fauk
høgt,
i ein veldeg
fart,
ut av stand til
å stanse,
ut av stand til
å bremsa ner
Eg prøvde
å bremsa,
prøvde
å lande,
men allting gjekk for fort.
Eg mista
all styring,
mista
kontroll,
reisa verka
endelaus
og uendelig
farleg
Ein liten telefon,
ein tannlege time,
og verda gjekk amok
No er timen over
og eg har landa
med beina på jorda
denne gongen og..............
HÅN
tryggt planta
på landjorda
Det har vore ei strabasiøs ferd,
men no
kan eg endeleg kjenne
fast grunn under føtene igjen
Ein liten telefon
kasta meg ut
på ei ferd,
ei reis i det store ukjende
Alt var
framandt
kaotisk
forvirrande
Kva skjer?
Eg fauk
høgt,
i ein veldeg
fart,
ut av stand til
å stanse,
ut av stand til
å bremsa ner
Eg prøvde
å bremsa,
prøvde
å lande,
men allting gjekk for fort.
Eg mista
all styring,
mista
kontroll,
reisa verka
endelaus
og uendelig
farleg
Ein liten telefon,
ein tannlege time,
og verda gjekk amok
No er timen over
og eg har landa
med beina på jorda
denne gongen og..............
HÅN
LIVETS REALITETER III
Sekundet i lufta
når du er kasta
til ulvane
er eit sekund
utan håp...
HÅN 2003
Sekundet i lufta
når du er kasta
til ulvane
er eit sekund
utan håp...
HÅN 2003
torsdag 22. mars 2012
Dikt til Hilde
Takk
Vakna tidleg i dag
og visste i det eg slo opp augene
at denne dagen ville bli mørk, mørk, mørk
men det var det visst fleire som visste
logga på facebook og såg
at nokon hadde lagt igjen fleire lysstråler
på veggen min
mange nok til dei lyste såpass
at eg fekk sjå godt nok
til at eg kom meg igjennom
denne dagen òg...
HÅN 6. januar 2011

HEMMLIGHET
Søvnen vil ikkje komme
Ikkje i kveld heller
Trur eg veit kvifor
men eg vil ikkje
fortelle det til
MEG
HÅN
Søvnen vil ikkje komme
Ikkje i kveld heller
Trur eg veit kvifor
men eg vil ikkje
fortelle det til
MEG
HÅN
LIVET
Verda surra
rundt og rundt
surra for fort
til at eg kan hoppe på
og delta
HÅN
Verda surra
rundt og rundt
surra for fort
til at eg kan hoppe på
og delta
HÅN
Nok eit av mine eigne dikt....
INCEST
Ein svart
virvelvind
trengde seg på
Så
rann tårer
av
raudt blod
HÅN 2001
Ein svart
virvelvind
trengde seg på
Så
rann tårer
av
raudt blod
HÅN 2001
Kommunikasjon
Eg kan orda
Eg kan argumenta
Eg kan den logiske lenka
Du ser på meg og smiler...
...det kan eg ikkje
HÅN 2003
Eg kan argumenta
Eg kan den logiske lenka
Du ser på meg og smiler...
...det kan eg ikkje
HÅN 2003
mandag 19. mars 2012
Gje meg handa di ven
Si eg ikkje kan ver i Åkra i dag så får Sondre sin sang ver mi siste helsing til morfar...
PRASAT HIN PHIMAI
Ikkje langt frå her eg held til i Thailand ligg Phimai historical park. Her kan du sjå ruinane av eit av dei viktigaste khmer tempela i Thailand, bygd på 1100 og 1200 talet (noko på bygg så seint som 1300 talet). Tempelet markere eine enden på ein gamal hovedveg gjennom Khmer riket, vegen starta i Phimai og enda i Angkor. Dette skal ha vert den viktigaste ferdselsåra i det gamle Khmer riket, så Phimai må ha vore ein viktig by den gang.
Sjølv om hindu var religionen i Khmer riket, så er Phimai bygd som eit buddhistisk tempel. Buddhisme har vore hovedreligionen i Korat området sidan 600-talet.
Prasat hin Phimai er virkelig verdt eit besøk:)

torsdag 15. mars 2012
Ein av mine gamle tekstar.
Livsmaska
Der langt inni svevnen var det noko som uroa ho...
Utslitt og ør som ho var tok det litt tid før ho oppfatta det var vekkarklokka som varsla om ny dag.
Tung og sløv drog ho seg opp av senga, plasserte beina på golvet og slepa seg inn på badet.
Det hadde vorte litt søvn i natt, iallefall eit par timar, eit par timars kaos kor ho kvilelaust vart kasta frå mareritt til mareritt...
Kunne ikkje nett kallast kvile, ho vakna nesten meir sliten enn ho la seg.
Hadde ho nå berre kunna vakna, riste det av seg, trekke på skuldrene og avfeie det med at det var jo berre eit mareritt...
men det var meir enn berre eit mareritt... kvar einaste skygge som lura i mareritta, kvart einaste spøkelse ho om natta måtte bekjempe var kjente figurar frå livet hennar, kvar scene ho om natta vart kasta fram og tilbake mellom var scenario frå kvardagane som danna oppveksten hennar... skulle dei aldri gi ho fred.
Endo langt frå vaken så kom ho seg nå på badet... kom seg i dusjen, sto der og skrubba og skrubba til siste dråpen varmvatn for lengst var brukt opp, men blei ikkje reinare. Pussa tenner til handleddet verkte utan at det fjerna smaken i munnen... det var ikkje noko som hjalp i dag heller. Kom seg i klærna og kasta eit lyn kjappt blikk i speilet, kjente meir enn ho såg at her måtte mange lag sminke til... Foundation, rouge, øyenskygge, mascara, leppestift... lag for lag vart det malt på, litt etter litt tok livsmaka form... ho kikka på klokka, såg ho var seint ute, hasta seg ferdig, ut i gange, treiv på jakka, kasta eit hastig blikk i speilet der òg før ho la eit siste lag leppestift på livsmaska, treiv nøkkelen, heiv seg ut døra, låste bestemt før ho trådde ut i dagen, ut i livet med det muntre, tilfredse smilet som ho hadde lest ein stad at verda forventa ho skulle ha...

onsdag 14. mars 2012
"Mitt Thailand"
"Mitt Thailand" er ikkje mile lange kvite strender, billege skreddera på kvart hjørna, europeiske språk rundt deg kor du snur deg, nattklubbar og gogo barar, tilbud om massasje kvart tiande skritt du tek, er ikkje bileta du finn i reklamar frå reisebyrå... "Mitt Thailand" ligg langt frå sjøen, utpå den thailandske landsbygda, ein liten stad som heiter Bung Or, ein liten stad der hanar, hundar og munkar samarbeider om å vekke alt og alle grytidleg kvar einaste morgon, ein liten stad der du må leite godt skal du finne nokon som kan meir enn fem ord på engelsk, ein liten stad fjernt, fjernt frå turismen og europeisk påvirkning. "Mitt Thailand" er natur på godt og vondt, høns i vegkanten, nydelige planter og sommarfuglar, men og slangar og andre mindre koselige skapningar. "Mitt Thailand" er ein verden eg stadig blir påminna om at eg ikkje heilt forstår men som likevel er ein stad eg nyt å vera. "Mitt Thailand" skal nok få mange linjer i denne bloggen, men i dag nøyer eg meg med å dele nokon bilder frå denne staden...
tirsdag 13. mars 2012
Smil igjennom tårer.
Siste døgnet har eg kikka mykje på gamle bilder, gamle bilder av morfar... verdens beste morfar som døde i går.
Eg hadde verdens beste morfar, ein klok gamal mann, full av omsorg, varme og verdens herligaste humor. Sjølv om det siste døgnet har vore masse tårer så lokke fleire av bilda fram eit smil... Ein klok gamal mann som etterlet seg masse gode minner. Nesten alle bilda eg finn av han på pc'en min viser ein smilande gamal mann som har nokon hengande rundt halsen sin og kosar... Morfar var gla i kos og me alle var gla i å kose med morfar. Snille, go'e morfaren min, slik vil eg huska deg.

Ord om alt
Her om dagen nevnte Maja Z at eg kunne begynne å blogge... Ja, kvifor ikkje, eg har jo bunkar med ord om alt og om ingenting liggande strødd dei fleste stader, så kvifor ikkje plassere dei i ein blogg... Ein blogg om ord, om mine tankar og sikkert ein heil del om Thailand.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)