Ein av tinga som følger med mine lengre opphold i Thailand er visum
turane til Vientiane, Laos… Eg var på ein slik tur for eit par veker sidan, så kanskje eg skal skrive litt om det...
Sjølv om turane er noko stress, så elskar eg dei… synes det er topp
med desse oppholda i Vientiane. Einaste eg ikkje likar med Laos er KIP, nett no
er 100 Laos kip verdt 0.0681 kroner… 1 krone er 1468.95 kip… Med andre ord du
treng både trillebår og meir til skal du kjøpe noko meir enn ei cola. Drømmer
du om å gå rundt med millionar i lommeboka er dette staden å reise…
(bildet av laos kip er ikkje mitt, det har eg funne på nettet og i
følge det eg såg der så skal bunkane på bildet ver verdt rett rundt 500 kroner)
Men som eg begynnte å skrive før avsporinga om lite festlig valuta... eg storkosar meg på visum turar til Laos. Eg las eit eller anna om dette landet for ei tid sidan og då vart Vientiane omtala som sørøst asias største landsby... det er ein perfekt måte å omtale byen... I forhold til dei andre hovedstadane i sørøst asia så er den pitteliten, berre rundt ein halv million innbyggjera. Når du russle på promenaden langs Mekong elva så får du litt følelsen av å ver i ein bitteliten fiskar landsby...
Og det er nydelig å sjå sola gå ner over elva, inni Thailand...
Både der og når du traskar litt lenger opp i byen er det lett å sjå at dette landet har vore fransk koloni lenge, sjølvsagt finn du masse av det typisk asiatiske her, tempel og tronge gater og enorme, overdekorerte portar framfor rønner og skur, men her er og breide avenyar, eindel europeisk arkitektur, slik som president palasset, det er nydelig, spesielt når det er flombelyst på nattestid.
Første gong eg var aleine til Vientiane, så leigde eg ein tuk tuk sjåfør til å kjøre på meg i fleire timar, så eg fekk sitt litt meir av byen. (huska eg ikkje heilt feil så betalte eg rett i underkant av 20 kroner for fire og ein halv time) Han tok meg med til Pha That Luang, eit fantastisk tempel område så tettpakka med historie og detaljar at eg trur eg kunne gått der i fleire veker og studert detaljar utan å få med meg halvparten og utan å bli lei. Opprinelig vart det visst bygd som eit indisk tempel så tidleg som på 300-talet, men igjennom historien har det vorte utbygd og endra, og det vert sagt at det kom buddhist misjonærar og munkar dit og dei hadde med seg ein veldig, veldig hellig relikvie... eit av Buddhas bryst bein, som vart begravd inne i stupaen på bildet over her. Men sjølv om stupaen er utrulig flott, så var det ikkje den eg vart mest facinert av... det var alle dei små detaljane rundt på heile anlegget, tett i tett med malerier i tak og på vegger som fortel dei religiøse historiane...
...eg kunne lagt ut hundrevis av bilder av desse vegg og tak maleria, men skal stoppe her, må jo legge ut bilder av litt av dei andre fine utsmykkingane der òg...
Igjen og igjen og igjen har Pha That Luang vorte rasert av utandlandske innvasjonar, men det vert bygd opp igjen og er i dag eit najonal symbol for heile Laos, det symboliserer fred, enhet og velstand i landet.
Men tempel og solnedgang på andre sida av Mekong er ikkje alt eg likar med Laos...
Etter mange nok veker i Isan området kan det gjer seg med noko europeisk mat, det er dei ikkje flinke på litt utenfor turismen i Thailand, men her merke me igjen at landet har vore fransk koloni og her er masse god europeisk mat å få.
Ein anna ting eg må nevne, som facinere meg med denne byen, det er at ingen andre plass i verda (utanom kanskje inne i Vår Frue kirke) så har eg møtt så masse så forskjellige og så spesielle mennesker på ein og same stad, så ein kveld ut på byen her ein og anna gongen er virkelig underholdande:)))
Gleda meg alt til neste visum tur:)))
Men tempel og solnedgang på andre sida av Mekong er ikkje alt eg likar med Laos...
Etter mange nok veker i Isan området kan det gjer seg med noko europeisk mat, det er dei ikkje flinke på litt utenfor turismen i Thailand, men her merke me igjen at landet har vore fransk koloni og her er masse god europeisk mat å få.
Ein anna ting eg må nevne, som facinere meg med denne byen, det er at ingen andre plass i verda (utanom kanskje inne i Vår Frue kirke) så har eg møtt så masse så forskjellige og så spesielle mennesker på ein og same stad, så ein kveld ut på byen her ein og anna gongen er virkelig underholdande:)))
Gleda meg alt til neste visum tur:)))



