onsdag 28. mars 2012

Eit dikt eg skreiv i 2003

Seksuelle overgrep


Seksuelle overgrep -
ordet kjem hoppande
ut av TVen min
som ei brennande pil
borar seg inni meg,
smertene eksploderer,
men ordet fangar.

Eg sit fastlenka,
syg til meg kvart ord,
kvar brennande pil,
klare ikkje rive meg laus.

Orda dansar
i tankane mine,
dansar med minna mine,
dansar fort,
dansar fortare,
dansar fortare, fortare, fortare

Blir svimmel
Smertene brenn
Tankane kokar
Tårene trillar

Eg vil ha fred

Eg vil ikkje høyra meir
Eg vil ikkje sjå meir
Eg vil ha fred
Eg treng kvila

Strekk meg etter
fjernkontrollen,
men kan ikkje skru av,
kroppen nekte skru av,
må få med kvart ord,
må få med kvart bilete,
kvar brennande pil

Lengta etter ein dag,
ein vakker fredfull dag,
ein dag då seksuelle overgrep
har vorte eit begrep,
eit ord,
vorte ein ufarleg glose

Glose...
... ikkje brennande pil.



HÅN 2003

fredag 23. mars 2012

Tekst skrevet som ein skule oppgåve for lenge, lenge sidan...

Reisa


Endeleg,
tryggt planta
på landjorda

Det har vore ei strabasiøs ferd,
men no
kan eg endeleg kjenne
fast grunn under føtene igjen

Ein liten telefon
kasta meg ut
på ei ferd,
ei reis i det store ukjende

Alt var
framandt
kaotisk
forvirrande

Kva skjer?

Eg fauk
høgt,
i ein veldeg
fart,
ut av stand til
å stanse,
ut av stand til
å bremsa ner

Eg prøvde
å bremsa,
prøvde
å lande,
men allting gjekk for fort.

Eg mista
all styring,
mista
kontroll,
reisa verka
endelaus
og uendelig
farleg

Ein liten telefon,
ein tannlege time,
og verda gjekk amok

No er timen over
og eg har landa
med beina på jorda
denne gongen og..............


HÅN
LIVETS REALITETER III

Sekundet i lufta
når du er kasta
til ulvane
er eit sekund
utan håp...


HÅN 2003

torsdag 22. mars 2012

Dikt til Hilde

Takk

Vakna tidleg i dag
og visste i det eg slo opp augene
at denne dagen ville bli mørk, mørk, mørk

men det var det visst fleire som visste

logga på facebook og såg
at nokon hadde lagt igjen fleire lysstråler
på veggen min

mange nok til dei lyste såpass
at eg fekk sjå godt nok
til at eg kom meg igjennom
denne dagen òg...

                                                                    HÅN 6. januar 2011
HEMMLIGHET

Søvnen vil ikkje komme
Ikkje i kveld heller

Trur eg veit kvifor

men eg vil ikkje
fortelle det til
MEG

HÅN
LIVET

Verda surra
rundt og rundt


surra for fort
til at eg kan hoppe på
og delta

HÅN

Nok eit av mine eigne dikt....

INCEST

Ein svart
virvelvind
trengde seg på


rann tårer
av
raudt blod

HÅN 2001
Kommunikasjon

Eg kan orda
Eg kan argumenta
Eg kan den logiske lenka

Du ser på meg og smiler...


...det kan eg ikkje



HÅN 2003

mandag 19. mars 2012

Gje meg handa di ven

Si eg ikkje kan ver i Åkra i dag så får Sondre sin sang ver mi siste helsing til morfar...

PRASAT HIN PHIMAI

Ikkje langt frå her eg held til i Thailand ligg Phimai historical park. Her kan du sjå ruinane av eit av dei viktigaste khmer tempela i Thailand, bygd på 1100 og 1200 talet (noko på bygg så seint som 1300 talet). Tempelet markere eine enden på ein gamal hovedveg gjennom Khmer riket, vegen starta i Phimai og enda i Angkor. Dette skal ha vert den viktigaste ferdselsåra i det gamle Khmer riket, så Phimai må ha vore ein viktig by den gang.
Sjølv om hindu var religionen i Khmer riket, så er Phimai bygd som eit buddhistisk tempel. Buddhisme har vore hovedreligionen i Korat området sidan 600-talet.
Prasat hin Phimai er virkelig verdt eit besøk:)

torsdag 15. mars 2012

Ein av mine gamle tekstar.

Livsmaska

Der langt inni svevnen var det noko som uroa ho...
Utslitt og ør som ho var tok det litt tid før ho oppfatta det var vekkarklokka som varsla om ny dag.
Tung og sløv drog ho seg opp av senga, plasserte beina på golvet og slepa seg inn på badet.
Det hadde vorte litt søvn i natt, iallefall eit par timar, eit par timars kaos kor ho kvilelaust vart kasta frå mareritt til mareritt...
Kunne ikkje nett kallast kvile, ho vakna nesten meir sliten enn ho la seg.
Hadde ho nå berre kunna vakna, riste det av seg, trekke på skuldrene og avfeie det med at det var jo berre eit mareritt...
men det var meir enn berre eit mareritt... kvar einaste skygge som lura i mareritta, kvart einaste spøkelse ho om natta måtte bekjempe var kjente figurar frå livet hennar, kvar scene ho om natta vart kasta fram og tilbake mellom var scenario frå kvardagane som danna oppveksten hennar... skulle dei aldri gi ho fred.
Endo langt frå vaken så kom ho seg nå på badet... kom seg i dusjen, sto der og skrubba og skrubba til siste dråpen varmvatn for lengst var brukt opp, men blei ikkje reinare. Pussa tenner til handleddet verkte utan at det fjerna smaken i munnen... det var ikkje noko som hjalp i dag heller. Kom seg i klærna og kasta eit lyn kjappt blikk i speilet, kjente meir enn ho såg at her måtte mange lag sminke til... Foundation, rouge, øyenskygge, mascara, leppestift... lag for lag vart det malt på, litt etter litt tok livsmaka form... ho kikka på klokka, såg ho var seint ute, hasta seg ferdig, ut i gange, treiv på jakka, kasta eit hastig blikk i speilet der òg før ho la  eit siste lag leppestift på livsmaska, treiv nøkkelen, heiv seg ut døra, låste bestemt før ho trådde ut i dagen, ut i livet med det muntre, tilfredse smilet som ho hadde lest ein stad at verda forventa ho skulle ha...

onsdag 14. mars 2012

Langs vegkanten i Thailand



"Mitt Thailand"


"Mitt Thailand" er ikkje mile lange kvite strender, billege skreddera på kvart hjørna, europeiske språk rundt deg kor du snur deg,  nattklubbar og gogo barar, tilbud om massasje kvart tiande skritt du tek, er ikkje bileta du finn i reklamar frå reisebyrå... "Mitt Thailand" ligg langt frå sjøen, utpå den thailandske landsbygda, ein liten stad som heiter Bung Or, ein liten stad der hanar, hundar og munkar samarbeider om å vekke alt og alle grytidleg kvar einaste morgon, ein liten stad der du må leite godt skal du finne nokon som kan meir enn fem ord på engelsk, ein liten stad fjernt, fjernt frå turismen og europeisk påvirkning. "Mitt Thailand" er natur på godt og vondt, høns i vegkanten, nydelige planter og sommarfuglar, men og slangar og andre mindre koselige skapningar.  "Mitt Thailand" er ein verden eg stadig blir påminna om at eg ikkje heilt forstår men som likevel er ein stad eg nyt å vera. "Mitt Thailand" skal nok få mange linjer i denne bloggen, men i dag nøyer eg meg med å dele nokon bilder frå denne staden...







tirsdag 13. mars 2012

Smil igjennom tårer.

Siste døgnet har eg kikka mykje på gamle bilder, gamle bilder av morfar... verdens beste morfar som døde i går.
Eg hadde verdens beste morfar, ein klok gamal mann, full av omsorg, varme og verdens herligaste humor. Sjølv om det siste døgnet har vore masse tårer så lokke fleire av bilda fram eit smil... Ein klok gamal mann som etterlet seg masse gode minner. Nesten alle bilda eg finn av han på pc'en min viser ein smilande gamal mann som har nokon hengande rundt halsen sin og kosar... Morfar var gla i kos og me alle var gla i å kose med morfar. Snille, go'e morfaren min, slik vil eg huska deg. 

Ord om alt

Her om dagen nevnte Maja Z at eg kunne begynne å blogge... Ja, kvifor ikkje, eg har jo bunkar med ord om alt og om ingenting liggande strødd dei fleste stader, så kvifor ikkje plassere dei i ein blogg... Ein blogg om ord, om mine tankar og sikkert ein heil del om Thailand.