I dag er det 13. mai... 25 år sidan Inger Mari døde, 25 år sidan eg begynnte å skriva...
I dag legg eg ut nokon av dei dikta eg skreiv for 25 år sidan.
LYSET
Eit lys vert tennt
Det flammar opp
- og brenn sakte ner
Ingen veit når eit vindpust kjem
og sløkkjer livets lys.
HÅN 13 mai 1987
LATTEREN STILLNA SISTE GONG
Svart natt
Oppglødde unge folk
Gamal bil
Tom, innbyande veg
Overmot
Stor fart
Åy-
Høgt
oppe i
ei høgspentmast
der sa det
brutalt
STOPP
Svart, stille natt
No
er det
tre
unge stemmer
me aldri meir
skal høyre le....
HÅN 15 mai 1987
MALI
Finn ingen raude krøller
Augene vandrar utan stans
Venta sjå smilet ditt
runda hjørnet
nett no,
kvart sekund
Høyre deg verken le eller rase,
avisene skrik i mot meg,
minne meg på at det aldri meir vil skje,
likevel er øyrene konsentrert på vakt.
Har ingen å leite etter
ingen å hjelpa
ingen å passa på
Ka gjer eg då?
Har heller ingen som passa på meg.
Der borte ved disken
står ein gubbe og smile
Herregud, kva er gale med han?
Kjenner han ikkje tomrommet?
Kjenner han ikkje dette store, tunge,
dette mørke teppet som ligg over heile øya?
Kjøpe avis gjer han og,
og smiler.
Kjenner han ikkje at i ein av dei
tre svarte sekkene
der ligg du?
Tårevåt går eg vidare
auger og øyrer
framleis konsentrert på vakt
Kva gjer eg no?
Eg lukkar augene
ser anna veg
NEI
detta kan ikkje vera sant.................
HÅN 15 mai 1987
NEI, DET ER IKKJE SANT
Sei det ikkje er sant
Sei alle samen lyg
Sei det er ein grusom spøk
Sei det er ein misforstøelse,
eit feilaktig rykte.
Vekk meg frå dette marerittet.
Nei!
Hold kjeft!
Eg nekte å høyra
Det var kje det svaret eg ba om.
Er det ingen som forstår
det ikkje kan ver sant,
at dette ikkje går ann
Eg kan jo ikkje dette
Veit ikkje kva eg no skal gjer
- så det kan ikkje vera sant
Nei!
Eg slenge på røyret
dette nekta eg å høyra
Alle saman hold kjeft
Det er kje sant
Eg vill ikkje høyre
Hold kjeft
Hold kjeft
Hold kjeft
Ho er ikkje dø
Ho kan ikkje vera det,
eg treng ho
Slutt å sei slike ting
Høyre dåke,
det er ikkje sant
Slutt å lyg!
Eg vil ikkje dette
Nå går eg heim
Nå låse eg døra
Nå set eg på Bruce Springsteen på full styrke
Sliten nå
Orke ikkje at dette er sant
La meg sova
Sova...
så ringe ho heilt sikkert i morgon...
...for dette det kan ikkje vera sant
HÅN 13 mai 1987






