fredag 12. april 2013

LIVSMASKA

Der langt inni svevnen var det noko som uroa ho...

Utslitt og ør som ho var tok det litt tid før ho oppfatta det var vekkarklokka som varsla om ny dag.

Tung og sløv drog ho seg opp av senga, plasserte beina på golvet og slepa seg inn på badet.

Det hadde vorte litt søvn i natt, iallefall eit par timar, eit par timars kaos kor ho kvilelaust vart kasta frå mareritt til mareritt...

Kunne ikkje nett kallast kvile, ho vakna nesten meir sliten enn ho la seg.

Hadde ho nå berre kunna vakna, riste det av seg, trekke på skuldrene og avfeie det med at det var jo berre eit mareritt...

men det var meir enn berre eit mareritt... kvar einaste skygge som lura i mareritta, kvart einaste spøkelse ho om natta måtte bekjempe var kjente figurar frå livet hennar, kvar scene ho om natta vart kasta fram og tilbake mellom var scenario frå kvardagane som danna oppveksten hennar... skulle dei aldri gi ho fred.

Endo langt frå vaken så kom ho seg nå på badet... kom seg i dusjen, sto der og skrubba og skrubba til siste dråpen varmvatn for lengst var brukt opp, men blei ikkje reinare. Pussa tenner til handleddet verkte utan at det fjerna smaken i munnen... det var ikkje noko som hjalp i dag heller. Kom seg i klærna og kasta eit lyn kjappt blikk i speilet, kjente meir enn ho såg at her måtte mange lag sminke til... Foundation, rouge, øyenskygge, mascara, leppestift... lag for lag vart det malt på, litt etter litt tok livsmaka form... ho kikka på klokka, såg ho var seint ute, hasta seg ferdig, ut i gange, treiv på jakka, kasta eit hastig blikk i speilet der òg før ho la  eit siste lag leppestift på livsmaska, treiv nøkkelen, heiv seg ut døra, låste bestemt før ho trådde ut i dagen, ut i livet med det muntre, tilfredse smilet som ho hadde lest ein stad at verda forventa ho skulle ha...


HÅN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar